Publiserte artikler

Pakketur til EM i Krakow

Tauron Arena i Krakow. Her spilles EM-finalen

Fra Geir Opseth, sekretær i Norsk ToppVolleyball (NTV), har vi mottatt dette skrivet som gir tilbud til interesserte fra Darek Marszalek i SportTeamConnect om pakketur til de avgjørende kampene i EM for menn i Polen. Opprinnelig har skrivet gått til de som var på årsmøtet i NTV, men vi har fått tillatelse til å videreformidle det her i Volleynytt.

Edgar Broks i Norsk ToppVolleyball har fått på plass ein pakke i frå Darek på opplegg i Krakow under EM sluttspelet no i september. Denne tek vi oss friheita til å sende ut til alle som var på e-post lista til årsmøtet i Norsk ToppVolleyball. Denne e-posten kan de og gjerne sende vidare til andre som kan være interessert i dette opplegget.

Her får du sjå 6 kampar i frå kvartfinale torsdagen og til finalen søndag kveld. Reise til og frå er ikkje inkludert så flybillett må du ordne sjølv utanom dette. Resten av opphaldet har Darek laga ein plan på med prisar på to ulike pakkar for kampane. Sjå vedlegg for detaljar om hotell, kampar, billettar og arena.

Dagsprogrammet ser slik ut:

31.08.2017 torsdag – VIP-pakke EM-kvartfinaler 17.30 / 20.30
01.09.2017 fredag – Day off / Krakow sightseeing / shopping
02.09.2017 lørdag – VIP-pakke EM-semifinaler 17.30 / 20.30
03.09.2017 søndag – VIP-pakke EM-finaler 17.30 / 20.30
04.09.2017 mandag – avreise

Darek har delt opplegget i litt ulike pakkar og detaljane om dette finn de i vedlegget. Siste sida i vedlegget er påmeldingsskjemaet som du skal bruke dersom dette er interessant for deg. Ferdig utfylt skjema sender du direkte til Darek, og all vidare dialog tek du med han. Skjemaet finn du her.

Påmeldingfristen er seinast måndag 26 juni og den sender du til følgjande e-post adressa: post@sportteamconnect.com

Denne adressa er også på mottakar feltet til denne e-posten.

Norsk ToppVolleyball er ikkje arrangør av turen og er heller ikkje involvert eller ansvarleg for planlegging, påmelding eller gjennomføring.

Legg igjen en kommentar