Publiserte artikler

Inntrykk fra Berlin

Wilifred Leon ble MVP. Foto: CEV

Toppvolleytrenerne Bendik Gabriel Huus og Jon Eirik Liseth dro til Berlin sist helg for å følge mennenes Final Four i Champions League. Her er deres inntrykk, ført i pennen av Bendik.

På tur til Berlin – refleksjonar rundt Final Four

To forventningsfulle og bekymringslause ungdomar møtte opp på Flesland fredags morgon, klare for ein forhåpentlegvis uforgløymeleg opplevelse. Heilt fram til boarding gjekk alt som smurt, men vi ante uråd når passasjerane som skulle vidare til Berlin vart bedt om å komme til skranken. Som ei følgje av snøværet på Gardermoen, var det ingen vits å sende oss dit. Kølapp med nummer 1257 vart trekt, medan nummer 1137 lyste på tavla.

Underteikna sin reisekompanjong og kollega, Jon Eirik Liseth, hadde blanda kjensler rundt det å reise til Final Four. Forrige gong han prøvde, i 2010, kom han seg riktignok fram. Då vart arrangementet avlyst, grunna den fatale flykrasjen til Polen sin president, og påfølgjande landesorg. Denne gongen hadde det óg blitt spekulert i ei utsetjing, grunna Germanwings sin styrt nokre dagar i forvegen. Og når ryktene i køa begynte å gå, om at det var umogleg å komme seg til Berlin før søndags morgon, kan ein trygt seie at optimismen var syltynn. Etter tre timar i kø endte det nettopp slik, med ein billett til Berlin søndag. Noko slukøyra rusla vi ut av Flesland. Men som ein kjent nordmann ein gong sa, og fortsatt seier kvar romjul; «det vanskelege er ein bagatell, det umoglege er ei utfordring».

Med det som utgangspunkt endte vi til slutt i Berlin, ein time før den første semifinalen starta, via Salzburg. Vi hoppa i ein taxi, og sto utanfor flotte Max-Schmeling-Halle eit kvarter før kampstart. Utan for hallen kunne ein ane konturane av at noko stort var i gjere. Og det vart bekrefta når vi entra hallen. Ti tusen tilskodarar, og eit show og lydnivå verdas beste spelarar og lag verdig. To unge, norske volleyballtrenarar får frysningar av slikt.

Eg trur det vil vere lite kontroversielt å hevde at Noreg ikkje er i toppen på det ein kan kalle volleyballkultur. Ikkje berre når det gjeld sportsleg nivå, men óg det å lage arrangement. Vi er nærare når det gjeld det første. I Domus Athletica hadde nesten alle helgas lange og fantastiske ballvekslingar stoppa etter første eller andre ball. Det er kanskje eit godt bilete på kva ambisjonar ein har for innandørs volleyball i Noreg?

Uansett; Max-Schmeling-Halle, heimebana til arrangør Berlin Recycling Volley, er ein fantastisk plass for volleyball. Og den første semifinalen, mellom russiske Zenit Kazan og heimelaget, var ein utruleg introduksjon til internasjonal toppvolleyball for to førstegangsreisande. Spelarane, med ballkontroll, koordinasjon, fysikk, mentalitet og engasjement. Publikum, med hjarte for volleyball, jaga fram den eine wow-handlinga etter den andre.

Dei fleste som les dette har nok sett både resultata og kampane, så det treng eg ikkje skrive om. Men blandinga av individuelle ferdigheiter i absolutt verdsklasse, saman med lagspelarar og kloke trenarar, var fascinerande å sjå. Alekno er ikkje redd for å bytte ut verdas kanskje råaste oppleggar, dersom han ikkje bidreg med nok engasjement. Lebedew, Berlin sin australske hovudtrenar, manglar dei største stjernene. Sjølv dei var automatisk kvalifisert som arrangør, har han klart å skape eit lag som absolutt viser at dei har noko der å gjere, godt hjulpe av eit entusiastisk heimepublikum.

Skra mot Resovia var neste kamp. Ein kamp, som i følgje dei polske supportarane, byrja i polske medier veker i forvegen. Resovia sine fans var overlegne i antal, men særleg i lydnivå. Polakkane okkuperte kvar sin sving, diagonalt for kvarandre. Ein ikkje like velspelt kamp, men kanskje endå meir spennande reint resultatmessig. Skra kom aldri opp på nivået dei har vore tidlegare i sesongen, eit nivå som normalt ville gjort dei til favorittar. Resiovia hadde på si side verkeleg funne formen på riktig tidspunkt, og sjølv om det var jamnt, var det aldri noko å seie på at dei gjekk sigrande ut. Med det var ein lang dag over for vår del. Det er ei spesiell kjensle å gå ut av hallen, saman med tusenvis av syngande fans. Det var jo volleyball vi hadde sett, var det ikkje det?

Eg er i grunn ein type som sparar på superlativa. Men når det gjeld volleyball, er det slike arrangement som representerer superlativa. Finalekampane vart fantastiske på kvar sin måte. Den første, Berlin mot Skra, vart like jamn som vi hadde trudd på førehand, mellom eit heimelag utan noko å tape, og eit bortelag som ikkje klarte å løfte seg til tidlegare høgder. Heimesiger med 3-2, og 23-21 i avgjerande sett, seier sitt. Finalen vart ein maktdemonstrasjon av ein gjeng fryktinngytande russarar, krydra med eit par kanskje endå meir fryktinngytande utlendingar. Resovia sine fans sang like høgt uansett.

Korleis skal to nordmenn oppsummere noko slikt? Nokre spelarar fortener spesiell merksemd, sjølv om dei neppe leser denne artikkelen. Bontje og Shoji-brødrene imponerte særleg for Berlin, som høvesvis midtspelar, libero(Eric) og oppleggar(Kawika). For Skra sto den unge, serbiske midtspelaren Lisinac fram, saman med diagnoalen Wlazly. Sistnevnte spelte ikkje si råaste turnering, etter vår meining mest grunna at han rett og slett fekk for lite å gjere. Ivovic, spenstfantomet frå Novi Sad, oppleggar Drzyzga og libero Ignaczak sto fram for Resovia. Zenit hadde, naturleg nok, flest som verkeleg viste seg fram. Mikhailov var botnsolid som alltid på diagonalplass, der særleg iranske Marouf serverte han mange gode, og til tider rett og slett spektakulære ballar. Salparov, den bulgarske liberoen, spelte ei nærast perfekt turnering i mottak, samstundes som han var bokstaveleg talt overalt i forsvar.

Midt mellom alle desse stjernene, lyste ei 21 år gammal stjerne frå Kuba sterkare enn alle dei andre. 21 år, og MVP. Dei fleste såg kva han gjorde. Meir treng ikkje seiast. Det var nok av det ein kalle «youtube-moments», for å seie det sånn.

Eg skal gi meg her, medan leiken er god. For å få meir kunnskap av kva som må til for å bli god, er det viktig å sjå korleis dei gode faktisk ser ut. Kva gjer dei? Korleis kastar Leon opp ballen på serv? Korleis klarar oppleggarane å hopplegge på så mange ballar? Og korleis klarar blokkarane å flytte seg så raskt? Er det nokon på bana som ikkje klarar å legge den ballen, dersom dei må?

Å sjå på volleyball for volleyballspelarar er sjølvsagt interresant, men kan óg vere utruleg lærerikt, dersom ein ser etter dei riktige tinga. Derfor er vår hovudbodskap til unge volleyballspelarar, i tillegg til å trene hardt; sjå mykje volleyball på høgt nivå. Gjerne som underhaldning. Men dersom du vil, plukk deg ut ein spelar. Sjå på kva han eller ho gjer, og prøv å gjere det samme. Kanskje du får det til?

Hjemmesiden fra Final Four finner du her

Legg igjen en kommentar